STORYTELLING I AURLAND!

mai 16, 2012  |  Nyhende

Korleis vekkje til live historiene på ein stad? 

Open kveld om utvikling og bruk av historieforteljing i Verdsarvområdet.

Ved Fiona Eadit frå Stroud, England, og Jorunn Barane, Aurland.

Stad: Aurland Skofabrikk

Dato og tid  : 25.juni 2012 kl. 19.00

Inngang kr. 100,-

Påmelding innan 4.juni til Jorunn Barane, mail : jorunn@naturpedagog.no – mobil: 97 00 59 51

Vel møtt!

Bilde: Fiona Eadit, i forteljarkjolen med innstrikka historier frå både Norge og England. Fiona har mellom anna arbeidd med storytelling for kulturarvorganisasjonen National Trust.

May Britt B. Solheim

 

ÅRETS GRÜNDERKVINNE TREFF !!

mai 7, 2012  |  Nyhende

Kvinnovasjon i Sogn og Fjordane inviterar til årets viktigaste treff for kvinnelige gründerar i Sogn og Fjordane! 9. og 10.juni vert det arrangert fagleg og sosial nettverkssamling på Knutholmen,  Bremanger.

Målgruppa er:

  •  Alle som har delteke på Huldra- / Kvinnovasjon-samlingar tidlegare
  • Alle kvinner som er gründerar
  • Alle kvinner som har tenkt på å starte eigen bedrift

Sjå link for meir info! Meld dykk på! Først til mølla!

Samling i Kalvåg

 

May Britt B. Solheim

Gratis basiskurs i vertskap

mars 22, 2012  |  Nyhende

Torsdag 12.april arrangerer Nærøyfjorden Verdsarvpark  basiskurs i vertskap. Håpar at mange tilsette frå ulike verksemder i Aurlandsregionen ynskjer å delta. Dette er eit viktig kurs du ikkje vil gå glipp av!

Målet med basiskurset for vertskap er å gje dykk ein smak av og ein interesse for kvalitetane i Aurlandsregionen og verdsarvområdet. Kurset skal og inspirere til refleksjon og auka medvit om vertskapsrolla og kva godt vertskap er.

For meir informasjon om kurset og påmelding – klikk her.

May Britt B. Solheim

 

Ynskjer du å starte eigen bedrift?

mars 8, 2012  |  Nyhende

Ei kartlegging av interesse for etablerarkurs er igang! Klikk deg inn på Aurland Næringsutvikling si heimeside her  for meir informasjon om etablerarkurset.

De som har eit brennande ynskje om å utvikle eller vidareutvikle ein idè må melde si interesse!

May Britt B. Solheim

Parkmøte 2012 – Nærøyfjorden Verdsarvpark

mars 2, 2012  |  Nyhende

Årlege parkmøte vert arrangert onsdag 7.mars 2012, Flåm Panorama, kl. 10:00 – 16:00.

Høve til å møte opp frå kl. 9:00 for ein kaffikopp og ein hyggeleg prat.

Parkmøte skal vere ein møtestad for Verdsarvparken sine samarbeidspartnarar, stiftarar og andre interesserte for parksatsinga og parken si verksemd.

Møte i år har særskild fokus på bærekraftig reiseliv.

For meir informasjon og påmelding klikk her.

May Britt B. Solheim