Aurland Næringshage arbeider med lokale organisasjonar og bedrifter om utvikling av eit mangfold av mat og opplevingstilbod med utgangspunkt i lokal natur og kultur. I sommar skal desse unike produkta gjerast tilgjengeleg for gjestene heile sommaren gjennom. Næringshagen skal prøve ut eit nytt torgtilbod men manglar prikken over i-en. DEG!!
Vi treng 2 gjestfrie, “språkmektige” og engasjerte personar som drøymer om å kunne få presentere og selje det beste bygda har å by på til menneske frå heile verda. Sesongen er frå 20 juni og ut august men vi er budde på å tilpasse oss skulestart om det det aktuelt.
Vi er interessert i både skuleelevar og “vaksne” som søkjarar.
Lurer du på noko så ring Pål Drønen på tlf. 99 10 81 63. Elles kan søknader sendast:
Auland Næringshage AS
Postboks 27
5741 Aurland
E-post: ivar@aurlandnh.no
