Drifteveg marknad på Østerbø 13.juli 2013

juni 20, 2013  |  Nyhende

Alle er velkomne til å delta på marknad og i formidling av kulturhistoria om driftehandelen, som var ei næring i Sogn i over 300 år.

Arrangementet er meint å lyfte fram driftehandelen som var ein del av Aurland si kulturhistorie. Dette er eit arrangement på Østerbø under overskrifta ”Drifteveg–marknad” der formidling vil stå i sentrum.  Har fått med gode med aktørar som irske Andrea Rice som artist, og Fritjov Urdahl, som er ein  framifrå formidlar av historie.

Har du lokale matprodukt, eit handverk eller ein aktivitet du har lyst å vise fram, så er du velkomen til å delta. Dette er eit arrangement som ynskjer å få fram lokale aktørar som driv næring og dei som driv dugnadsarbeid, t.d. i Aurlandsdalens venner og Aurland sogelaget.

Det vert også planlagt ein ”Auksjon”, og dersom du har noko som kan gå til auksjonen, vil det vera til stor hjelp for å få arrangementet til gå rundt.

Arrangementet er eit samarbeid med Andrea Rice sitt team (Øystein Kjerpeseth) og Driftevegens venner.

Litt meir informasjon finn du her : Plakat drifteveg marknad

For meir informasjon kontakt Laila Kvellestad,  mobil 48 12 51 38

May Britt B. Solheim