Etableringshjelp

Har du lyst til å starte bedrift? Går du med ein gründer i magen?

Vi kjenner utfordringane du står overfor, og vil gjerne hjelpe deg vidare. Aurland Næringshage vil tilby hjelp til personar og bedrifter som er i etableringsfasen, eller som ønskjer å utvikle seg vidare. Dei treng sjølvsagt ikkje å vere lokaliserte i næringshagen for å få denne hjelpa.

I næringshagen skal du som ynskjer hjelp, finne den kompetansen du treng for å kome vidare – altså ei målretta og effektiv hjelp.

All førstekontakt er uforpliktande og tufta på eit fortruleg forhold mellom aktørane. Ta kontakt for ein uforpliktande og fortruleg samtale.

Aurland Næringshage arbeider i eit avklara og nært samarbeid med Aurland Næringsutvikling AS.

Prosjekthotell

Aurland Næringshage kan tene som prosjekthotell. Organisasjonar og aktørar som ikkje har kapasitet sjølve kan nytte Næringshagen til å administrere prosjektsatsingar.

Rådgjeving

Næringshagen skal tilby rettleiing for etablerarar og bedrifter i området. Denne tenesta vil vera ein service til etablerarar og bedrifter i utvikling. Det vil vera informasjon og bistand til utvikling av forretningskonsept, finansieringssøknader retta mot Næringsfondet, BU systemet og Innovasjon Norge.

Næringshagen skal tilby fagleg rettleiing og tilrettelegging langs heile spekteret frå produktide til sal. Det vil bli lagt særleg vekt på bedriftsutvikling og marknadskompetanse innan lokal mat og reiselivsopplevingar.