Undredal Stølsysteri med eiga nettside

november 19, 2008  |  Nyhende

Undredal stølsysteri har fått eiga nettside.

Besøk sida på: www.undredalsost.no

Ope møte om Aurlandskoen

august 20, 2008  |  Nyhende

Onsdag 3 september kl.19.00 vert det ope informasjonsmøte om Aurlandskoen i Kommunestyresalen, Rådhuset.

Formålet med møtet er å gje informasjon om planane for visningssenteret og ikkje minst skapa eit lokalt engasjement for å få folk med kjennskap til skohistoria til å bidra med kunnskap og historikk til arbeidet med visningssenteret.

Kontaktperson: Arve Tokvam 

Aurland Skofabrikk lyser ut nye stillingar

august 1, 2008  |  Nyhende

Aurland Skofabrikk lyser ut stillingar i samband med den føreståande satsinga på utvikling av eit Economuseum og visningssenter.

Les annonsen her

Satsar på Aurlandskoen

juli 4, 2008  |  Nyhende

Aurlandskoen ligg godt an til å bli det første europeiske “economuseet”.  Eit economuseum er eit canadisk konsept som no vert introdusert i Europa. Tanken er å utvikle ein attraksjon i tilknyting til handverksbedrifter for å formidle historia bak produksjonen  i tillegg til sal og marknadsføring.

Eigarane av Aurland Skofabrikk AS såg potensialet i dette konseptet og starta prosessen. Ut frå ei erkjenning av at ei så tung satsing ville vera både arbeids- og kapitalkrevjande søkte dei bistand frå Aurland Næringshage.

Aurland Næringshage organiserte eit bedriftsutviklingsprosjekt der Aurland skofabrikk AS heile tida var i føringa i høve til dei vegval som oppsto.

Det vart utvikla ein forretningsplan og teke initiaitiv overfor investorar som kunne bidra med kapital og reiselivskompetanse.

Aurland Ressursutvikling blir majoritetseigar og ei drivkraft bak satsinga som og femner om shuttlebåtrute Flåm – Aurlandsvangen og ein guida rundtur med utgangspunkt på Aurlandsvangen.

Economuseum er eit konsept som legg vekt  på handverket og handverkaren si aktive rolle. Ein viktig føresetnad for satsinga er difor at dei opphavlege eigarene og tilsette vert aktive medspelarar i den nye satsinga. 

Nytt tilbod. Startpakke for småbedrifter

juni 21, 2008  |  Nyhende

Aurland Næringshage hatt prøvd ut og lanserar no eit nytt verktøy i form av ein “startpakke” for nyetablerte småbedrifter. Tilbodet er mest relevant for enkeltmannsbedrifter som som i stor grad er basert på etableraren sin røynsler og kompetanse. Desse bedriftene har ofte ikkje trong eller grunnlag for store einskildinvesteringar og fell difor lett utanfor støtteordningane til Næringsfondet og Innovasjon Norge.

Startpakken inneheld to klippekort på tenester innan økonomi og profilering. Det skjer ingen utbetaling direkte til bedrifta. I staden vert det skrive ut to “klippekort” som bedrifta kan bruke til å kjøpe relevant kompetansestøtte.

Klippekort økonomi skal bidra til at bedrifta får orden på økonomien sin og plikter i høvet til det offentlege.

Klippekort profilering skal bidra til at tenestene til bedrifta vert gjort kjende i marknaden.