Open temakveld: Lokalmat, kortreist mat, tradisjonsmat – Pyramidekafeen Gaupne den 28.3 kl 18.

Lokalmat har som overskrifta syner fleire namn. Det er uansett slik at lokale produsentar/foredlarar av mat og drikke opplever aukande interesse for produkta sine. Det er og aukande interesse for å selje lokal mat i varehandelen, og hotell og restaurantbransjen etterspør slike produkt til menyane sine. På dette møtet har vi fått innleiarar som kan belyse dette med ulik ståstad. Det vert og servert ein buffet til slutt med lokal mat og drikke frå Luster.

  • Lustramat – status. Marianne Bugge 10 minutt
  • Lokalmat – status. Marit Hjortung, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane – 15 minutt
  • Erfaring som produsent og foredlar av lokal mat; Marås Hjort frå Mørkridsdalen, Lustrabui, Kurt Heggestad – osteprodusent på Veitastrond og Sognefjord Sjokolade – 15 min kva
  • Erfaring som brukar av lokal mat i hotellrestauranten; Skjolden hotell.  – 15 min
  • Kva seier varehandelen om lokal mat, no og framover; Geir Espe frå Coop. – 20 min

Etter føredraga vil Pyramidekafeen servere ein buffet med lokal lustramat og drikke, slik at møtedeltakarane kan få smake litt av godsakene frå Luster.

Påmelding til olav.grov@luster.kommune.no innan 20.3.

Arrangørarar:
Luster Sparebank
Luster kommune
Sogn Næring
Sognefjord Næringshage

Wordpress nettside laget av Oransje webdesign