Idrettssenteret styrka etter Spenst-samarbeid

idrettsseteret-as.jpg

Med hjelp frå Spenst Førde, har Idrettssenteret AS fått på plass eit langt meir fleksibelt treningstilbod i Sogndal.

­– Vi innsåg at vi trong å utvikle oss. Vi måtte bli betre på å kommunisere med kundane våre, ha eit meir effektivt og brukarvennleg system, og sjå på nye digitale løysingar, fortel Kolbjørn Rydvang, dagleg leiar i Idrettssenteret AS.

Idrettssenteret har, i løpet av sine 20 år, alltid vore eit frittståande treningssenter med lokal forankring. Dei har hatt kunnskap i fokus og har alltid vore unik med høg treningskompetanse. I tillegg er dei eigd av den lokale idretten.

Nettverk i næringshagen

Idrettssenteret starta ein omstillingsprosess i 2017. Etter ein kartlegging av bransjen, var Rydvang trygg på at Spenst var riktig samarbeidspartnar. Her kunne Idrettssenteret vere ein individuell aktør, men dra fordeler av å vere ein del av merkevaren Spenst.

Vegen dit, var Rydvang derimot usikker på. Difor tok han kontakt med Sognefjorden Næringshage og såg fort fordelen med å bli ei målbedrift.

– Her fekk vi kvalitetssika kartlegginga vår. Vi fekk òg raskt tilgang til kompetansen vi trengde. Næringshagen gav oss rettleiing under heile prosessen og satt oss i kontakt med Spenst Førde, som òg er medlem i næringshagen. Dette ga oss eit godt forum for kunnskapsdeling, fortel Rydvang.

I retur har Spenst Førde fått tilgang til meir idrettsfagleg kunnskap frå Idrettssenteret.

– Vi er glad idrettssenteret kom til oss. Å kople aktørar opp mot kvarandre og legge til rette for kunnskapsdeling, er midt i kjernen av det vi i næringshagen driv med, seier Torgeir Skålid, dagleg leiar i Sogn Næring – som driftar Sognefjorden Næringshage.

  Dagleg leiar, Kolbjørn Rydvang, saman med sportsleg leiar, Frederick Gjethammer, foran inngangen til Idrettssenteret på Campus.

Dagleg leiar, Kolbjørn Rydvang, saman med sportsleg leiar, Frederick Gjethammer, foran inngangen til Idrettssenteret på Campus.

Fleire og meir fornøgde medlemmar

Nytt medlemssystem har gitt Idrettssenteret eit langt meir fleksibelt tilbod til sine medlemmer. Ein kan få billigare ekspress-medlemskap, basis-medlemskap eller langt rikare pluss-medlemskap, der ein har ein rekke medlemsfordelar og kan gjestetrene på andre sentre. Og med nye plattformer, kommuniserer dei betre med medlemmane.

– Vi har fått på plass nytt utstyr og eit system til ein pris vi aldri hadde fått om vi sto heilt aleine. I tillegg gikk overgangen til nytt system mykje meir effektivt med hjelp av folk som har implementert dette systemet tidlegare. Når vi i tillegg kan halde på identiteten vår med å vere lokal og kunnskapsrike, er det ikkje tvil om at vi har blitt betre, fortel Rydvang.

Og det har, ifølge Kolbjørn, ført til fleire og meir fornøgde kundar - i tillegg meir fornøgde tilsette.

Gasta Design