Industrinettverket har vore i Italia

studietur-italia.jpg

Ni industribedrifter har vore på studietur, i tillegg til tre næringssjefar frå Sogn..

24. til 28. oktober 2018 drog Næringshagen på sin årlege studietur med industrinettverket (servicenettverket var i Lofoten). Reisemål var Italia, med tema kontinuerleg forbetring, digitalisering og Industri 4.0.

Gruppa fekk oppleve dette tema frå ulike innfallsvinklar, med bedriftsbesøk hjå Every Dennison i Ancarano, vingarden Casa Vinicola, Prati (som ligg langt framme i utviklinga av maskiner for etikettindustrien), Marchesini Group (farmasøytisk emballasje) og Maserati (tøffe, dyre bilar).

Alle bedriftene ga oss verdifull innsikt i korleis deira strategi knytt til produksjon, eigen innovasjon og marknadsmessig trendbilete, blir handtert. Alle bedriftene vart oppfatta som opne, inkluderande og transparente, noko som gjorde bedriftsbesøka svært nyttige.

Sjølv med ulike ståstad i forhold til automatisering, teknologi og digitalisering, var fellesnemnaren klar: Digitalisering slår inn uavhengig av bransje og marknad.

Møtet med Innovasjon Norge ga verdifull innsikt i italiensk økonomi, næringsstruktur og tenestetilbodet til dei norske bedriftene som jobbar mot den italienske marknaden.

Konklusjonar

Alle var sjølvsagt einige om at det hadde vært ein flott tur. Det var òg einigheit om at Sognefjorden Næringshage har levert lovnadane frå førre studietur, nemleg fokus på kontinuerleg forbetring, etablering av eit printnettverk og ny studietur i 2018.

I 2019 har nettverket desse ambisjonane: 

  • Få fleire bedrifter med på neste studietur

  • Finne tidspunkt for ny tur

  • Jobbe med Sogn Opplæringskontor om lærlingar

  • Sognefjorden Næringshage må bli enda meir relevante og presise på kva ein kan levere av tenester

  • Etablere eksternt finansierte prosjekt ut i frå aktiviteten i næringshagen


Deltakarar:

  • Aud Melås, Flåmsbrygga Hotell AS

  • Atle Stalheim, Grow Competence Consulting AS

  • Egil Mundal, Rocketfarm AS

  • Evan Lewis, Ægir Bryggeri AS

  • Hans Christian Bjerketveit, Lerum AS

  • Inge Håvard Aarskog, Aurland Kommune

  • Kjetil Hovland, Digital Etikett AS

  • Lasse Norheim, Avery Dennison NTP AS

  • Magne Lund, Lerum AS

  • Marte Fossland, Ember Logistikk AS

  • Odd Ohnstad, Haugen Gardsmat AS

  • Olav Grov, Luster Kommune

  • Tom Dyrdal, Avery Dennison NTP AS

  • Torgeir Skålid, Sogn Næring AS

  • Øyvind Aga, Printfarm – Skrivargarden AS

Gasta Design