Frukostmøte i Lærdal 18. mai

Fredag & Fretland bakeri - 18. mai 08.00 - 10.00

Kva behov har di verksemd for kompetanse i framtida? Og korleis får me til eit godt samspel mellom næringsliv og dei som er i eit utdanningsløp?

Samarbeidsarena for utdanning i Sogn skal kome med innspel til Vestland fylkeskommune sin regional plan for innovasjon og næringsutvikling, og difor inviterar me verksemder til å kome med sine innspel. Det er verksemdene som kjenner på behovet og utfordringar knytt til framtidig behov for kompetanse, difor inviterar næringsrådgjevar i Lærdal kommune og Sognefjorden næringshage til eit frukostmøte der me vil høyre frå deg korleis me kan lukkast med:

  • Etablering av fleire kontaktpunkt mellom næringslivet/bransjar og dei som er i eit utdanningsløp

  • Synleggjere digitale og fleksible utdanningstilbod ved høgare utdanningsinstitusjonar

PROGRAM

  • Velkomen og frukost

  • Bakgrunn v. Næringssjef Ingeborg Lysne

  • Sogn Opplæringskontor v. Vibeke Rinde

  • Høgskulen på Vestlandet v. Tone Skjerdal

  • Lærlingverksemd delar erfaringar og status for framtida v. Sogn Sparebank, Ragnhild Skahjem Tofastrud

  • Innspelsrunde

  • Vegen vidare v. Ingeborg Lysne

Har du spørsmål kan dei rettast til Ingeborg Lysne, næringsrådgjevar i Lærdal kommune, mobil 90 27 47 82 epost ingeborg.lysne@laerdal.kommune.no eller Rebekka Fretheim, forretningsutviklar ved Sognefjord Næringshage, mobil 95 29 05 16, epost rebekka@sognefjordennh.no

Mette Bakketun