Kaupus har blitt målbedrift

Vi er glad ei spennande bedrift som Kaupus har blitt med i næringshagen.

Skisse over Vitensenter i Sogn, der Kaupus har vore pådrivar.

Skisse over Vitensenter i Sogn, der Kaupus har vore pådrivar.

Kaupus AS er eit utviklingsselskap som er 100 prosent eig av Kaupanger Næringsforening. Dei ønskjer å bygge fram næringsklynga på Kaupanger som heilheit.

– Vårt mål er å ha eit selskap som kan vere katalysator for vidare utvikling av den store næringsaktiviteten lokalt. Kaupus har mellom anna vore ein pådrivar for å realisere eit nytt regionalt Vitensenter i Sogn, eit senter som vil vere viktig både for skular, reiseliv og næringsliv, fortel Tor Arne Ness, leiar i Kaupanger Næringsforening.

Ressursane i avtalen er tenkt nytta til utvikling av klynga med tilhøyrande fysiske fasilitetar. Det er ein intensjon at Sognefjorden Næringshage leiger areal i Vitensenteret til slik bruk.  

– Næringslivet treng å samarbeide tettare uavhengig av geografiske grenser, og Sognefjorden Næringshage vil vere ein fin arena for å kunne spele på lag med andre aktørar i regionen. Med gode møteplassar kan nye mulegheiter og synergiar dukke opp, påpeikar Ness.

Vi ønskjer dei velkommen!

Gasta Design