– Mangfald gjev destinasjonen verdi

reiselivskafe.jpg

Det var eit av hovudbodskapa til Solrun Hjelleflat på Reiselivscafé i Aurland 13. mars.

Flåmsklynga, beståande av verksemdene under morselskapet Aurland Ressursutvikling (ARU), inviterte til Reiselivskafe på Fretheim Hotell 13. mars.

Selskapa Flåm AS, Flåm Utvikling AS, The Fjords AS, Flåm Eigedom AS og Myrkdalen Resort AS er heilt eller delvis eigd av ARU.

Over 100 møtte på Fretheim Hotel denne kvelden. Det vart fleire gode presentasjonar, med god oversikt og innblikk i dei ulike selskapa i ARU. Vi fekk høyre korleis dei spelar saman for å gje utvikling og heilskap i reiselivsproduktet lokalt, regionalt og nasjonalt.

– Mangfald gjev destinasjonen verdi, understreka Solrun Hjelleflat i Flåm AS.

– Når reiselivet er i vekst, gjev det godt grunnlag for vekst i andre næringar, sa Noralv Distad, Ordførar i Aurland Kommune.

Reiselivsnæringa i Aurland Kommune utgjer meir enn 50 % av næringslivet i Aurland. Dette gjev grunnlag for vekst også i andre næringar.


reiselivskafe presentasjon.jpg
reiselivskafe presentasjon 2.jpg
Guest User