Martes logistikk gjer bedriftene meir lønnsame

marte-ember-logistikk.jpg

25-åringen starta opp i 2017 og har allereie hjulpet Printfarm til å auke effektiviteten med 20 prosent.

Marte Nordgård Fossland kom til Sogn for om lag eit år sidan, for å starte for seg sjølv. 25-åringen er utdanna logistikkingeniør med kunnskap innan kommunikasjonsteknologi. Trønderen veit kva hun driv med.

– Målet mitt er å hjelpe bedrifta å få fokus på kontinuerlig forbetring. Ofte er det slik ein pratar om, men så skjer det lite. Eg vil gjere det meir handfast, med ulike standpunkter for kvar bedrift, fortel Nordgård Fossland.

Invitert med på studietur

Nordgård Fossland knyta kontakt med Sogn Næring under Fjellsportfestivalen i fjor.

– Dei tilbaud 3 månader gratis kontorplass og oppstartsstønad om eg fekk tilslag på søknad til næringsfondet. Og det fekk eg, fortel ho.

Ember Logistikk blei starta. Kontorplass på Fus Sogndal og tilknyting til Sogefjorden Næringshage, gav eit godt nettverk. Sjølv meiner gründeren at dette var heilt essensielt for å få i gang dei første oppdraga.

– Eg vart invitert med Næringshagen på studietur til Nederland. Der vart eg kjend med industrinettverket i Sogn, noko som var veldig viktig for meg ettersom eg var ny her.

Auka effektivitet med 20 prosent

Det ga napp. Avery Dennison NTP, Digital Etikett og Printfarm var alle interessert i å prøve å effektivisere produksjonen med Marte si logistikk.

– Marte forstår kva problemstillingar vi står ovanfor med stor fagleg kompetanse. Det er viktige eigenskapar når ein skal implementere nye tenkemåtar i ei bedrift. Vi er svært fornøydde, seier Roger Hollevik, dagleg leiar i Printfarm.

Digitaltrykkeriet i Årdal har gjort om på heile produksjonslinja og meir eller mindre fornya måten å jobbe på. Det har allereie gitt resultat. Før Ember kom inn i bedrifta, hadde dei tunge prosessar og lite logisk arbeidsflyt. Marte såg korleis dei jobba og kom med forslag til forbetringar utan store inngrep eller kostnader.

– Vi testa forslaga, gjorde om, prøvde oss litt fram og enda opp med eit resultat som overraska oss stort, fortel Hollevik.

Ved å endre plassering av maskiner, utstyr og personale, og starte med Lean-tankegang, auka effektiviteten i selskapet med over 20 prosent. I praksis betyr dette at Printfarm i dag produserer meir med fire tilsette enn dei gjorde med fem tilsette i 2017, noko som visast kraftig att på botnlinja.

­– Eg håper eg fort kan utvide marknaden til kundar utanfor Sogn. I tillegg håper eg å bli fleire i bedrifta. Slik eg jobbar no, kan eg trenge kunnskap innan fleire felt, som menneskeleg ressursutvikling. Vi får sjå kva som skjer og kor stort kundemarknad eg klarer å få, fortel Marte.

Gasta Design