Sogn for alle - spennande seminar om integrering

seminar integrering.png

Innvandrarar representerer ein stor unytta ressurs for utvikling av sterke vekstbedrifter og gode lokalsamfunn. Bli med og sjå korleis vi saman kan bidra til vekst i vår region.

  • Korleis gjere innvandrarar og flyktningar til ein ressurs i Sogn?

  • Korleis får vi til vellukka integrering gjennom samarbeid?

  • Korleis få til integrering i praksis?

TID: 11. mars 2019, kl. 09-15.

STAD: Quality Hotel Sogndal

MÅLGRUPPE: Lokalt næringsliv, næringsorganisasjonar, frivillige lag og organisasjonar, fylkeskommunen (karrieresentra, vidaregåande skular), opplæringskontor, Imdi, KS Sogn og Fjordane, Fylkesmannen, arbeids- og inkluderingsbedrifter og kommunane (politisk og administrativ leiing og tilsette innan opplæring, kultur, næringsapparatet).

PRIS: kr 470 per person for lunsj, pausematbuffet og kaffi/te

PÅMELDING: 25. februar 2019. Meld deg på her.

Kven deltek?

Distriktssenteret, Høgskulen på Vestlandet, NAV Vestland, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, ordførarar, prosjektrådmann i nye Sogndal kommune, og private aktører som Avery Dennison NTP og Nyrstar Høyanger kjem.

Bli med du òg – og skap vekst gjennom målretta integrering!

Vi får besøk av Aiman Shaqura som kom til Norge som flyktning. Han er i dag ein suksessfull gründer og har bygd opp og seld fleire gaselle- og vekstbedrifter. Inkludering er Aimans hjartesak og med seg på laget har han fleire store selskap. Prosjekta “Give a Job” og “Charge Incubator” har skapt internasjonal interesse.

Gasta Design