Sognalapskaus - ultralokal ferdigmat frå Sogn

Haugen Gardsmat opplever i desse dagar stor suksess med lanseringa av Sognalapskaus. Produktet er ute i alle COOP Nordvest sine butikkar i Sogn og Fjordane, og er også på veg ut i Møre og Romsdal.

HG_sognalapskaus_mageband.jpg

Tilbakemeldingane frå kundane er udelt positive, og produksjonen hjå lokalmat-produsenten i Flåm går no for fullt.


Men visste du at dette produktet verkeleg er ultralokal ferdigmat?


Det var Odd Ohnstad i Haugen Gardsmat i Flåm som hadde idéen til produktet. Dei hadde eit sterkt ønskje om å redusere matsvinnet og utnytte meir av fåre- og svinekjøtet i produksjonen.

Lærdal Grønt hadde same utfordringa. Gulrøter som var skeive og poteter som ikkje hadde forma var uakseptable for butikk-kjedene, og vart til dyrefôr og ikkje til menneskefôr.

Gjennom nettverket Sogn.no - eit prosjekt med Bratt Moro som prosjekteigar - jobbar lokalmat-bedrifter saman med mål om å skape nye produkt og distribusjonsformer. Gjennom dette nettverket fekk dei møteplassane der idèen om samarbeidet fekk vekse.


I Sogn.no og nettverket til Sognefjorden Næringshage fann dei også andre samarbeidspartnarar for å gjennomføre prosjektet:

  • Designbyrået Gasta i Sogndal har utvikla design på etikett og “mageband” til produktet.

  • Etiketten med ingredienslista vart trykt hos Digital Etikett i Gaupne - landets fremste ekspert på sjølvklebande etikettar.

  • Magebandet er det Printfarm som trykkjer. Dei har eit moderne digitaltrykkeri i Årdal, og kan levere raskt til Flåm.

  • Lapskausen vart grundig smakstesta under Fjellsportfestivalen.

  • Når produktet skulle lanserast, var det naturleg at Sogndal fotball hadde arenaen for produktsleppet.


Alt dette er gjort muleg gjennom godt, lokalt samarbeid.

Den siste, og ikkje minst viktige, parten i prosjektet er Coop NordVest og Geir Espe. Gjennom deira satsing på lokalmat fekk ein tilgang til ein solid distribusjonskanal.

Ultralokal suksess med bærekraft!


-Vil du vite meir om Sognefjorden Næringshage og nettverk? Kontakt Torgeir Skålid i Sogn Næring


Gasta Design