Studietur Catalonia

studietur+til+barcelona.jpg

24. – 27. oktober er det klart for Sognefjorden Næringshage sin årlege studietur. I år reiser både industrinettverket og servicenettverket til Catalonia med utgangspunkt i Barcelona. Program for begge nettverka tek no form, og påmeldingsfristen er 5. september. Her er oppdatert informasjon om programmet:

Det vert avreise frå Sogn rundt midnatt 24. oktober for dei som ønskjer fellestransport til Oslo. Flyet vårt går frå Gardermoen 24. oktober klokka 09.00.

Vel framme i Barcelona tek vi buss til sentrum der begge nettverka møter representantar for Catalonia Trade and Investment Agency. Deretter skil nettverka lag, og per i dag jobbar vi med følgjande program:

Servicenettverket:

Torsdag ettermiddag satsar vi på å møte reiselivssjefen for å få ei innføring i korleis dei organiserer og styrer turistaktiviteten i byen, med vekt på utfordringar rundt stor trafikk, Airbnb, cruise og forureining. Deretter går turen til hotellet vårt, Mas Salagros Eco Resort, der vi testar aktivitetar i regi av hotellet og får ei innføring i lokale mat- og drikkevarer.

Fredag morgon startar med litt fysisk aktivitet før frukost. Vegen vidare går innom havnesjefen for å høyre meir om mellom anna cruiseutfordringane.

Det vert grønn lunsj på Mescladís, medan vi får eit foredrag og litt dialog med Susana Conde frå Eco Tourism Spain.

Etter lunsj møter vi eldsjelene bak Internasjonal Festival of fantastic cinema of Catalonia

Etter litt tid til egne studier, vert det middag Can Travi No.

Etter frukost laurdag besøker vi Barcelona Slow Travel Barcelona Slow Travel. Etter ei innføring testar vi nokre av produkta deira som t.d. ein sykkeltur. Tida etter lunsj nyttar vi til oppsummering og evaluering av studieturen og til egne aktivitetar.

 

Industrinettverket:                                             

Torsdag ettermiddag vert nytta til ei innføring om Barcelona Tech City. Organisasjonen har som oppgåve å posisjonere Barcelona som eit viktig internasjonalt teknologiknutepunkt, og har både gründere, etablerte selskap, investorar, utviklingsstrukturar, universitet, medieselskap og offentlege etatar som medlemmar.

Deretter vert det møte med dei som jobbar med Smart City-strategien i Barcelona. Du finn ein interessant artikkel om arbeidet med strategien her.

Om kvelden vert det middag i Barcelona sentrum før vi reiser til hotellet.

Fredag har vi ønske om å starte på HP sitt opplæringssenter i Barcelona. Senteret presenterer dei nyaste produkta til HP, og vi får innblikk i framtida innan digital print.

Etter lunsj skal vi til Combalia som produserer skinn http://www.combalia.es/. Skinnet av premium kvalitet kan mellom anna nyttast til å lage våre kjære Aurlandssko.

Siste bedriftsbesøk for dagen vert på håndtverksbryggeriet Cervesa Pirata.

På veg tilbake til hotellet, vert det middag på Colmado 1917 i Terrassa.

Laurdag besøker vi den lille cavaprodusenten Sola Raventos. Frå eigaren får vi historia om korleis dei har utvikla bedrifta og litt om produksjonsprosessen. I følge med nokre smaksprøver har vi utfordra eigaren til ein prat om nøkkelfaktorar for suksess, strategi, utfordringsbilete mtp berekraft, marknad, distribusjon og marknadstilgang

Etter ein god lunsj er det planlagd ein oppsummering av studieturen, og ein runde der vi set fokus på næringshagen sitt bidrag til bedriftene dei neste åra.

----------------------

Laurdag kveld samlast begge næringshagenettverka til middag på 7Portes i Barcelona sentrum.

Søndag kan deltakarane nytte slik dei vil fram til flyavgang 16:35. Vi landar på Gardermoen 20:00, deretter ruller vi mot Sogn…

----------------------

Nettverka reiser saman, og alle bur på same hotell. Dei to første nettene bur vi på Mas Salagros Eco Resort, den siste natta på Evenia Rosello Hotel

----------------------

Målverksemder i Sognefjorden Næringshage betalar 11.000 kr pr. person, andre betalar 16.000 kr pr. person. Prisen inkluderer transport Sogn-Gardermoen t/, fly t/r Barcelona, lokal transport i Catalonia, 3 netter i enkeltrom med frukost, 2 middagar, 2 lunsjar og alle foredrag og aktivitetar i programmet.

Påmelding innan 5. september til torgeir@sognnaring.no.

Torgeir Skålid