Vellykka studietur til Lofoten

Turistnæringa i Lofoten har fått til mykje bra. Vi tek med oss inspirerande lærdom og spennande kjennskap heim til Sogn.

Den årlege studieturen med målbedriftene i servicenettverket til Sognefjorden Næringshage, gjekk til Lofoten 14. til 17. oktober - i samarbeid med Embla-nettverket i Aurland. Tema for turen var berekraftig turisme, voksesmerter, felles utfordringar, mogelegheiter og løysingar. Vi møtte kommuneleiing, destinasjonselskap og ulike verksemder. Det er utruleg inspirerande å sjå kva dei får til i Lofoten.

Noko av det mest inspirerande var kanskje møtet med Uttakleiv Bygdelag. Dei 19 innbyggjarane har, men hjelp frå kommunen, tilrettelagt for enorme mengder turistar som kjem for å bu i, sjå på og oppleve naturen.

«Turister er eigentleg enkle å ha med å gjere, så lenge ein legg til rette og viser kvar dei skal opphalde seg. Då er dei litt som ein saueflokk». Smarte ord frå bygdelaget i Uttakleiv.

I tillegg var det sjølvklart tid til utruleg god mat, aktivitetar, nettverksbygging og mykje latter. Lofoten er nydeleg, sjølv for oss som bur ved Sognefjorden!

sognefjorden-næringshage-studietur-til-lofoten.jpg

Bilde frå turen

Nokre av plassane vi besøkte: Vestvågøy kommune, Visit Lofoten, Sans og Samling Café i Leknes, Meieriet, Uttakleiv Bygdelag, Live Lofoten, Lofotpils, Vikingbyen, Karoline Restaurant i Nusfjord, Reine kommune v/ordførar, Klatrekafeen i Henningsvær.

Gasta Design