Flåm as: Aurlandskoen + Fretheim Hotel

Aurlandskoe_sko_6024_1000x667.jpg

Opplev ekte håndverk og skomakere i arbeid på Aurland Skofabrikk, som produserer og sel den tradisjonsrike Aurlandskoen. Skoen har vore produsert sidan 1930-tallet. I sin tid var det 19 ulike skofabrikker i drift i Aurland og 100 personer sysselsatte innan skomakeryrket.

I dag er Aurland Skofabrikk den eineste skofabrikken som produserer den kjente og karakteristiske Aurlandskoen, populært kalt «the original penny loafer».


Fretheim Hotel har utsikt mot fjell og fjord og er ein stad der ein kan sjå, smake, lytte og ta inn over seg storslått natur. Hotellet ligg ved UNESCOs verdsarvområde Nærøyfjorden. Denne fjorden har vore kåra til verdas vakraste reisemål fleire gonger på rad!

Hotellet vart reist i sveitserstil på slutten av 1800-talet og har gjennom åra vakse og utvikla seg i takt med aukinga av turistar og reisande på Bergensbana og etter kvart Flåmsbana.

Gasta Design