Lærdal Grønt

LAERDALGRONT-29430.jpg

Lærdal Grønt SA er ei samanslutning av frukt- og grøntprodusentar i Lærdal. Det fremste målet er å ta vare på den gode, naturlege smaken og kvaliteten – heile vegen frå bonden til deg som kunde.

Det meste av frukta og grønsakene, vert distribuert til BAMA før det kjem ut i butikkane. Grønsakene og potetene får du kjøpt i Norgesgruppen sine butikkar i Hordaland og Sogn og Fjordane, og Rema 1000 i Hordaland. Du får i tillegg kjøpt poteter og gulrøter i Coop Vest sine butikkar i Sogn og Fjordane. Ferske moreller og bær er til sals over heile landet i sesongen. Dei leverer i tillegg jordbær og bringebær til Lerum.

Gasta Design