Open temakveld: Lokalmat, kortreist mat, tradisjonsmat – Pyramidekafeen Gaupne den 28.3 kl 18.

Lokalmat har som overskrifta syner fleire namn. Det er uansett slik at lokale produsentar/foredlarar av mat og drikke opplever aukande interesse for produkta sine. Det er og aukande interesse for å selje lokal mat i varehandelen, og hotell og restaurantbransjen etterspør slike produkt til menyane sine. På dette møtet har vi fått innleiarar som kan belyse dette med ulik ståstad. Det vert og servert ein buffet til slutt med lokal mat og drikke frå Luster.

  • Lustramat – status. Marianne Bugge 10 minutt
  • Lokalmat – status. Marit Hjortung, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane – 15 minutt
  • Erfaring som produsent og foredlar av lokal mat; Marås Hjort frå Mørkridsdalen, Lustrabui, Kurt Heggestad – osteprodusent på Veitastrond og Sognefjord Sjokolade – 15 min kva
  • Erfaring som brukar av lokal mat i hotellrestauranten; Skjolden hotell.  – 15 min
  • Kva seier varehandelen om lokal mat, no og framover; Geir Espe frå Coop. – 20 min

Etter føredraga vil Pyramidekafeen servere ein buffet med lokal lustramat og drikke, slik at møtedeltakarane kan få smake litt av godsakene frå Luster.

Påmelding til olav.grov@luster.kommune.no innan 20.3.

Arrangørarar:
Luster Sparebank
Luster kommune
Sogn Næring
Sognefjord Næringshage

Webinar med Patentstyret i Aurland og Sogndal tysdag 28.02

Næringshagebedriftene skal sitje på rom 216 i Aurland Rådhus tysdag 28.02.17. Det startar presis kl.09.00 og varer til 11.00. Næringshagen sørger for litt kaffikos.

Næringshagebedriftene i Sogndal kan ta kontakt med torgeir@sognnaring.no for påmelding til å sjå webinaret på Fosshaugane Campus.

Patenstyret sitt foredrag handlar om:
Canvas er et viktig strategiverktøy for utvikling av bedriftens forretningsmodell. Når du bruker Canvas må du forstå hvordan IPR (immaterielle rettigheter) virker inn på sammenhengen.
Riktig brukt, bidrar IPR til en «lean» utvikling og til at du kommer raskere og bedre ut i markedet.
Verdiene blir synlige for alle interessenter og kan lettere brukes i alle typer samarbeid og handel.
Sentrale tema for foredraget er:
– Forretningsmodell Canvas brukt som strategisk verktøy både ved oppstart og videreutvikling av bedriften
– Sammenheng mellom forretningsmodell, forretningsplan, «lean»-prosess og IPR
– Hva eiere, investorer og samarbeidspartnere ser etter
Læringsmål:
– forstår nytten av patent, varemerke og design (IPR) som et strategisk virkemiddel i forretningsplanen
– kan bruke canvas forretningsmodellen, koblet med IPR
– forstå sammenhengen mellom «lean»-prosesser, samarbeid og IPR

Foredragsholdere er:
Nils-Otto Ørjasæter, professor ved Handelshøyskolen BI
Haakon Thue Lie, partner i rådgivningsbyrået Leogriff.

Praktisk informasjon:
Gjennom vår strømmeløsning «Go to Webinar» vil det være anledning til å stille spørsmål underveis.

God jul og godt nytt år!

Takk for godt samarbeid i 2016!

Helsing alle oss i Sognefjorden Næringshage

2017 Haugen gardsmat på julemarknad

Inspirerande nettverkssamling i Luster

– No handlar det like mykje om å inspirera kvarandre og byggja nettverk, fortel Kjetil Hovland i Digital Etikett. Han tykkjer det virkar som om fleire ser det viktige av å ha gode nettverk kring seg, spesielt dei små verksemdene.

– Og så er dei kanskje nyfikne på kva det er vi driv med her hjå Digital Etikett, smiler Hovland, som er vertskap for dagens samling.

Inspirasjon
I starten for fire år sidan kom ulike verksemder saman for å utveksle erfaringar innan det å driva med industriell produksjon. Men etter kvart har også andre kome med, og i år har to hotell meldt seg på.

Nye kontraktar
Digital Etikett gjer det bra for tida. Den siste store kontrakten dei landa var om levering av etikettar til ølprodusenten Mack. Sjølv hentar Hovland kanskje mest inspirasjon frå utlandet av produsentar som driv innan etikettbransjen i Europa.

– Men klara me å inspirera andre til å gjera noko med ideane og draumane sine her lokalt, så er jo det ein vinn vinn situasjon. Me vert også inspirerte av det, seier Hovland. Digital Etikett har tilsett tre nye personar til no i år, og Hovland ser føre seg at dei kjem til å tilsetja tre nye neste år.

Omvising

Forutan omvising i fabrikken på Grandane i Gaupne, skal fabrikksjef Adis Cengic, på naboverksemda NTP Avery Dennison ha føredrag om prosessleiing. Næringssjef Olav Grov i Luster skal snakka om Sogn Regionråd og næringsutvikling i Indre Sogn.

Positiv utvikling
I snart fire år har ulike produksjonsverksemder kome saman tre til fire gongar i året. Det byrja utifrå næringshagen i Aurland og pådrivar var Kristin Ohnstad i Haugen gardsmat. Etter det har Kjetil Hovland i Digital Etikett og Tom Dyrdal i NTP Avery Dennison vore pådrivarar. Dei fleste verksemdene som har meldt seg på i år er frå Luster: Skjolden Hotell, Tørvis Hotell, NTP Avery Dennison, Luster Mekaniske Industri, Jostedal Industrier, Decco og Luster kommune. Frå Sogndal kjem Sogn Næring og Rocketfarm. Jatak kjem frå Kaupanger og Haugen Gardsmat frå Aurland. Og spennvidda i det dei driv med er stor. Tidlegare samlingar har også verksemder frå Årdal og Vik vore med.

Nettverkssamlinga var først omtalt i Sogn Avis.

Wordpress nettside laget av Oransje webdesign