Economuseumsprosjektet er godkjent

Aurlandskoen er eitt steg nærare realisering av ideen om eit visningssenter etter mønster frå dei canadiske Economusea.

Den 2 januar mottok me meldinga om at søknaden som Aurland og Hordaland fylkeskommune  har sendt EU sitt programstyre var godkjend fullt ut.

Dermed er det duka for eit nordatlantisk samarbeid om å utvikle eit nettverk av visningssentra for handverksverksemder inspirert av dei canadiske Economusea.

Aurland Skofabrikk ligg godt an til å få eitt av dei første visningssentra. Erfaringar frå Canada viser at visningssenter etter dene modellen kan bety mykje for å gje handverksbedrifter gode vilkår for lønsam drift.

Les meir om dei canadiske economusea på www.economusees.com

Aurlandskoen kan bli «Economuseum»

Aurland Skofabrikk har gode utsikter for å kunne bli eit av første Economusea i Norge.

«Economuseum» er eit kanadisk konsept som har vist seg godt eigna til å styrke det økonomiske fundamentet til handverksbedrifter. Eit Economuseum er eit Visningssenter som fortel historia til produktet og forklarar gangen i produksjonen før og no. Canadiske studier viser at ein stor del av dei som besøker Visningssenteret endar opp med å kjøpe produktet. 

Aurlandskoen er kanskje Aurland si sterkaste merkevare og det er på høg tid at produktet og Aurland Skofabrikk som har ført produksjonen vidare får den status dei fortener gjennom å utvikle eit Visningssenter som ein atttraksjon på Aurlandsvangen.

Hordaland Fylkeskommune er i ferd med å etablere eit Nordatlantisk samarbeidsprosjekt for å utvikle ein nordeuropeisk modell. Aurland kommune er invitert med i prosjektet og vil bli representert ved Aurland Skofabrikk i samarbeid med Aurland natur og kulturarv. 

Prosjektet er også forankra i Nærøyfjorden Verdsarvpark som pilot i Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet.

Wordpress nettside laget av Oransje webdesign