Prosjekt

Sognefjorden Næringshage AS tek initiativ til strategiske utviklingsprosjekt, nyvinningar og kompestansehevande tiltak som kan vera eigna til å styrke bedriftene sine mogelegheiter for å lukkast. Ta gjerne kontakt derson du har idear eller støyter på flaskehalsar som det må samarbeid til for å kome gjennom.

1. line teneste

Næringshagen tilbyr etter avtale med Aurland Kommune rådgjeving og rettleiing til alle som ønskjer å starte eiga verksemd. Me yter 1. line hjelp for nyetableringar og kan blant anna hjelpe deg med generell bedriftsrådgjeving, forretningsplanar og rettleiing om utfylling av skjema for søknad om oppstartsmidlar.

Via vårt etablerte nettverk kan me og hjelpe deg med å opprette kontakt med andre samarbeidspartnarar og næringsaktørar i regionen.

Heilårssatsing i reiselivet

  • EMBLA. Eit bedriftsnettverk for kvinnelege leiarar i heilårsope reiselivstilbod.
  • Samarbeid med Visit Sognefjord og prosjekt 365
  • Fokus på idemyldring og felles løft

Næringshagen legg til rette for samarbeid mellom ulike bransjar, involvere målbedrifter innan ulike fagområder som kan bidra med sin kompetanse inn i dei ulike initiativa og prosjekta.

Lokal mat

  • Utvikling av konsept og produkt
  • Samarbeid mellom fleire målbedrifter

Distribusjon av lokalt mathandverk i eigen region.

FOU prosjekt i samarbeid med Vestlandsforskning. Interne og eksterne midlar.

Grøn Destinasjon – i prosess, målbedriftene klar!

Arbeid kring områdereguleringar, tilrettelegging for teknologiske nyvinningar innan transport, avfall og trafikkmønster. Fokus på miljøsertifiseringa tankar kring lokal boshandtering osb.

LEAN, kvalitetsikring og HMS

Fokusområde felles for mange av målbedriftene. Målbedrifter dreg nytte av kvarandre sin kompetanse. Ekstern kompetanse vert leigd inn ved behov.

Mentorordning

Rekruttering og busetting av nye tilsette og sesonarbeidarar. Samarbeid mellom målbedrifter, innspel til kommunen.

Sakte

I 2011 vil Næringshagen spisse satsinga inn mot alliansemerket SAKTE. Dei er no ein eigen frittståande organisasjon.

  • Alliansemerket SAKTE er oppfylgjaren av det tidlegare prosjektet «Pakkebordet»
  • Bli kjend med alliansemedlemane og produkta på www.sakte.no
  • Les meir om verdigrunnlag med meir her: verdiplatform Sakte

Wordpress nettside laget av Oransje webdesign