Samarbeid

Nærøyfjorden Verdsarvpark

Aurland Næringshage AS er eit direkte produkt av satsinga Nærøyfjorden Verdsarvpark. Satsinga har to fokus. Først og fremst er hensikten å leggje til rette for at Verdsarvstatusen for Nærøyfjordområdet faktisk blir ei positiv kraft for utvikling av lokalsamfunna og regionen. I tillegg er Verdsarvparken ein viktig aktør i utviklingen av eit nytt regional- og miljøpolitisk verkemiddel inspirert at dei franske regionale naturparkane.

Bli bygdevert

Bygdevertkurset er stadig like populært. Dyktige foredragshaldarar som tek utgangspunkt i det lokale gjer kurset konkret og matnyttig. Målet er at bidra til å utvikle ein god kultur for vertskap i bygda.

Kompetansenavet Vest

Kompetansenavet Vest hjelper produsentar innanfor småskala matproduksjon med å finne fram til den kunnskapen de treng for å gjennomføra satsinga dykkar på ein best mogeleg måte. Innanfor omgrepet småskala mat reknar me òg reiselivsretta satsingar og alle dei fag du må innom på vegen frå råvareproduksjon til ferdig pakka og selt produkt.

Nedslagsfeltet til Kompetansenavet Vest er Hordaland og Sogn og Fjordane. I desse fylka dekker Kompetansenavet Vest heile breidda av småskalaproduksjon. Kompetansenavet Vest har base på Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland, men har aktivitetar rundt om i båe fylka.

Wordpress nettside laget av Oransje webdesign