Embla-nettverket lyftar fram kvinnene i næringslivet
Studietur i Lofoten: Pernilla Johnsson (f.v.), Jannet Aksnes, Marte Tørud Håland, Astrid Ohnstad, Solrun Hjelleflat, Kristine Grønner Ohnstad, Anny-Irene Mykkeltveit og Merete Rein.
Ikkje til stades: Marianne Holme, May Lene Steinheim Lunden. Aud Melås.
Aurland og Flåm er unik med antal kvinner i leiarstillingar. Men leiarrolla kan fort bli einsam.
– No har me følelsen av å ha mange kollegaer!
Det fortel Jannet Aksnes. Ho var ein av initiativtakarane til å få på plass eit kvinneleg næringsnettverk for litt over tre år sidan. Aksnes jobba då som dagleg leiar for hotellet på Vatnahalsen og trengde eit nettverk der ho kunne hente erfaringar, dele utfordringar, få gode råd for betre drift og sjå mogelegheiter for felles satsingar og utviklingsarbeid.
Hovudmålsettinga til nettverket har vore heilårs drift og fleire heilårs arbeidsplassar.
– Me fekk fort med oss fleire kvinner. I dag er vi 14 som møtast jamleg, fortel Aksnes - og fortset:
– Det er gull å ha eit slikt nettverk, og det er ingen vinklubb, vi er alle travle menneske. Dette er eit forum der vi deler frustrasjon og utfordingar, gode erfaringar og kreative idear. No har eg alltid nokon å ta ein telefon til, om eg treng støtte eller gode råd. Me har ein god forståing av kvarandre sin arbeidskvardag og har ofte mange like problemstillingar.
Utfordra av Monica Mæland
Det var etter at Monica Mæland var på besøk i Aurland i 2015, at Embla-nettverket vart oppretta. Mæland vart overraska over kor mange kvinnelege bedriftsleiarar det var på ein liten plass. Ho utfordra dei til å skapa eit eige nettverk, ein utfordring dei tok på strak arm.
Sidan då har Embla-nettverket møttes jamleg. Dei har arrangert Næringsdag kalla Voksesmerter i Flåm årleg, vore på ulike studieturar, hatt samlingar og frukostmøter - og mange av verksemdene er blitt ein del av Sognefjorden Næringshage.
– Dette er bra for Næringshagen. Me ønskjer å ha fokus på fleire kvinner i leiarroller, og ser god nytte av å samle Embla-nettverket med dei andre målbedriftene i Næringshagen, fortel Kristine Ohnstad som er leiar i Sognefjorden Næringshage og ein del av Embla-nettverket.
Ikkje berre for kvinner
Nettverket inviterer til aktivitet for alle. Dei har fokus på å løfte fram kvinner, gje kvarandre støtte og rettleiing, og skapa nye møteplassar, men mannfolk får gjerne vere med, bli inspirert og komme med sine erfaringar og tankar om samarbeid.
– Me samarbeider godt med menn. Men det er fint å ha ein møteplass der me kan prate kvinne til kvinne. Me forstår kvarandre på ein litt anna måte, fortel Ohnstad.
Hun fortel at det er gode kontraster i nettverket. Dei har til dømes glasblåsaren Merete Rein som jobbar heilt aleine, og Solrun Hjelleflat i Flåm AS med 120 heilårstilsette.
– Uansett størrelse og erfaring, kvifor skal me sitte på kvar sin haug og streve når me jobbar mykje betre saman? No har me ei sterkare stemme, og dette har til dømes ført til at næringslivet har fått til jamlege møter med kommunen, der både næringssjef, ordfører og rådmann i Aurland, fortel Aksnes.
– Og dei har stor respekt når dei møter 14 sterke kvinner, ler Aksnes.