Industrinettverket har vore i Italia
Ni industribedrifter har vore på studietur, i tillegg til tre næringssjefar frå Sogn..
24. til 28. oktober 2018 drog Næringshagen på sin årlege studietur med industrinettverket (servicenettverket var i Lofoten). Reisemål var Italia, med tema kontinuerleg forbetring, digitalisering og Industri 4.0.
Gruppa fekk oppleve dette tema frå ulike innfallsvinklar, med bedriftsbesøk hjå Every Dennison i Ancarano, vingarden Casa Vinicola, Prati (som ligg langt framme i utviklinga av maskiner for etikettindustrien), Marchesini Group (farmasøytisk emballasje) og Maserati (tøffe, dyre bilar).
Alle bedriftene ga oss verdifull innsikt i korleis deira strategi knytt til produksjon, eigen innovasjon og marknadsmessig trendbilete, blir handtert. Alle bedriftene vart oppfatta som opne, inkluderande og transparente, noko som gjorde bedriftsbesøka svært nyttige.
Sjølv med ulike ståstad i forhold til automatisering, teknologi og digitalisering, var fellesnemnaren klar: Digitalisering slår inn uavhengig av bransje og marknad.
Møtet med Innovasjon Norge ga verdifull innsikt i italiensk økonomi, næringsstruktur og tenestetilbodet til dei norske bedriftene som jobbar mot den italienske marknaden.
Konklusjonar
Alle var sjølvsagt einige om at det hadde vært ein flott tur. Det var òg einigheit om at Sognefjorden Næringshage har levert lovnadane frå førre studietur, nemleg fokus på kontinuerleg forbetring, etablering av eit printnettverk og ny studietur i 2018.
I 2019 har nettverket desse ambisjonane:
Få fleire bedrifter med på neste studietur
Finne tidspunkt for ny tur
Jobbe med Sogn Opplæringskontor om lærlingar
Sognefjorden Næringshage må bli enda meir relevante og presise på kva ein kan levere av tenester
Etablere eksternt finansierte prosjekt ut i frå aktiviteten i næringshagen
Deltakarar:
Aud Melås, Flåmsbrygga Hotell AS
Atle Stalheim, Grow Competence Consulting AS
Evan Lewis, Ægir Bryggeri AS
Hans Christian Bjerketveit, Lerum AS
Inge Håvard Aarskog, Aurland Kommune
Kjetil Hovland, Digital Etikett AS
Lasse Norheim, Avery Dennison NTP AS
Magne Lund, Lerum AS
Marte Fossland, Ember Logistikk AS
Odd Ohnstad, Haugen Gardsmat AS
Olav Grov, Luster Kommune
Tom Dyrdal, Avery Dennison NTP AS
Torgeir Skålid, Sogn Næring AS
Øyvind Aga, Printfarm – Skrivargarden AS