Digital prosjektverkstad tysdag 30. november

Prosjektverkstaden er eit tilbod til aktørar i Vestland som vil lære meir om å strukturere og planlegge eit forskings- og innovasjonsprosjekt i næringsliv eller i offentleg sektor. Kurset vil vere nyttig ved søknader til Regionalt forskingsfond Vestland eller Forskningsrådet. Prosjektverkstaden består av to delar: sjølve kurset med praktiske eksempel og eit tilbod om ein-til-en samtale med ein rådgjevar. I forkant av prosjektverkstaden inviterer vi til eit kort informasjonsmøte om moglegheiter for finansiering av FoU-prosjekt.

Arrangementet er gratis, men du må melde deg på for å delta. Meir informasjon, program og påmelding finn du her: Prosjektverkstad - Vestland (pameldingssystem.no)

Det er Vestland fylkeskommune, Regionalt forskingsfond Vest, prosjekt FORREGION Vestland, KS Vest-Norge og Norges Forskningsråd som inviterer til prosjektverkstad.

Forrige
Forrige

Bli betre på sosiale medium kurs i Lærdal 25.1.22

Neste
Neste

Aurland kommune har motteke nye kr. 4. 072.000,- i kommunale kompensasjonsmidlar