Invitasjon til studietur Trøndelag 27.-30.10.21
Sognefjorden Næringshage har gleda av å invitere til ei fantastisk spanande og inspirerande tur til Trondheim regionen i slutten av oktober.
Me ynskjer å vise kva andre regionar gjer rundt samarbeid mellom mat og drikkeprodusentar og reiseliv. Kva skal til, og korleis vert dette presentert i denne delen av Noreg.
Britannia Hotel er eit av dei beste hotella i Noreg på service, mat og samarbeid med lokale- mat og drikke produsentar. Her er det mykje inspirasjon å hente. Me skal bu her frå 27.-29.10, der me mellom anna får historieforteljing av direktøren sjølv, og testing av maten i Speilsalen.
Eit anna godt døme på samarbeid er restauranten Credo. Dei tek i mot oss og me håpar å få matfantast og sjef Heidi Bjerkan til å fortelje om hennar reise i matverda. Dei samarbeider tett med mellom anna Skjølberg Søndre som me og skal besøke.
Oi! Trøndersk mat og drikke kjem for å fortelje kva dei jobbar med, og korleis dei får meirverdi lokalt av å samarbeide på tvers av produsentar og matfag. I løpet av studieturen skal me på besøk hjå fleire av deira bedrifter for å lære, smake og nyte kva som finst av kjøttproduksjon, ost-og meieriproduksjon, handverksbakarar, ølbryggeri, fiskeprodukt og anna mat og drikkerelaterte produkt. Me håper og å få inn kunstvandringar undervegs.
Me skal avslutte turen på Stokkøya for å lære meir om Bygda 2.0, og kva dei har gjort der for å skape spanande reiselivsprodukt. Me skal mellom anna besøke Strandbaren og produsentar frå matmerkevaren «Smaker fra Øyrike». Det vert og tid til hyggelege samlingar og dei gode samtalene!
Me reiser med fly frå Flesland kl 10.00 den 27.10. 21
Me reiser heim med buss 30.10., via gode mat-, drikke- og bake produsentar.
Pris for dette gildet er ca kr 15.000,- pr deltakar for målbedrifter i Næringshagen. Pris for ikkje målbedrifter er ca kr 25.000,- pr deltakar.
Bindande påmelding til Sognefjorden Næringshage v mette@sognefjordennh.no innan 26. september.
Kontakt oss for fullstendig program.
For inspirasjon, sjå her:
Trondheim hylles for denne filmen om kortreist mat — THE TRAVEL INSPECTOR