Korleis selje meir til nordmenn
Endeleg kan ein samlast og ha kurs igjen - sjølvsagt etter gjeldande smitteverns reglar!
Sjølv om det er tett opp mot sesong, håpar me reiselivsbedrifter og leverandørar til reiselivsbedriftene kan sjå nytta i dette kurset.
Saman med EvoSpor, har me laga eit salskurs for å selje meir til den kundegruppa som kjem no i sommar.
Korleis skal ein få til meirsal?
Kor er salsflatene i bedrifta?
Kva forventar kunden?
Dette er nokon av temane me går igjennom på dette kurset.
Stad:
Flåm 20. og 21. mai frå 9-16 på Fretheim Hotel, inkl lunsj.
Sogndal 27. og 28. mai frå 9-16 på Quality Hotel, inkl lunsj.
Pris:
Gratis for alle målbedrifter, kr 300,- per pers for alle andre.
Påmelding til Mette Bakketun
mail: post@sognefjordennh.no/
tlf: 92801840