Koronakrisa – litt info frå Sognefjorden Næringshage
I samarbeid med Sogn Næring vil vi forsøke å halde oppdatert denne sida med ofte stilte spørsmål
Koronakrisa har ramma næringslivet hardt. Å sikre folkehelsa og det økonomiske livsgrunnlaget for bedrifter og personar vil vere avgjerande framover. Vi treng eit levande næringsliv i Sogn også etter krisa. Vi i Sognefjorden Næringshage jobbar tett med Sogn Næring, næringshagane i Nordfjord og innovasjonsmiljøa på Vestlandet for å vere tilstades for målbedriftene våre.
Alle arrangementa våre ut mars er førebels avlyst.
Vi har tilgang til eit godt fagteam for å handtere spørsmål frå bedriftene våre. Det er viktig at bedriftene spelar inn behov, ynskjer og tiltak ein ser som naudsynte. Vi har allereie spelt inn mogelege tiltak til Sivastrukturen, og er innstilte på å bidra det det er behov for oss.
Dersom du har innspel, treng hjelp eller berre vil prate i ein vanskeleg situasjon, ta kontakt med oss på post@sognnaring.no / 975 87 931.
Nye tiltak for å dempe dei økonomiske verknadane av viruset
15. mars blei det klart at regjeringa føreslår to nye lånetiltak som skal gjere det lettare for kriseramma bedrifter å skaffe seg likviditet for å komme seg gjennom den krevjande situasjonen. Regjeringa vil føreslå å etablere ein statleg lånegaranti spesielt retta mot nye banklån til små og mellomstore bedrifter som får driftstap som følgje av viruset. Korleis denne ordninga vil fungere i praksis er enno ikkje klart. Vidare ynskjer regjeringa å på nytt opprette Statens obligasjonsfond, for å bidra til auka likviditet og kapitaltilgang i obligasjonsmarknaden, der dei største bedriftene i all hovudsak låner pengar. Sjå pressemeldinga om dei to ordningane her.
Måndag 16. mars blei partia på Stortinget einige om ytterligare tiltak for å dempe dei økonomiske verknadane av viruset. Forslaga vil mellom anna gi betre inntektssikringsordingar for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar, betre ytingar for permitterte og utsetting av innbetaling av meirverdiavgift og forskotsskatt. Den låge momssatsen blir redusert til 8 prosent. For meir informasjon – sjå pressemeldinga frå Stortinget her.
Dei verksemdene som treng ekstra likviditet no framover, må ta kontakt med banken sin. Bedrifter som har lån hjå Innovasjon Norge kan ta kontakt med IN og søkje om avdragsutsetjing.
Arbeidsgivarspørsmål relatert til koronaviruset
Vi anbefaler alle å nytte seg av NHO sitt digitale informasjonstilbod om arbeidsgivarspørsmål knytt til koronakrisa. Denne informasjonen er óg open for dei som ikkje er medlemmar.