Nyttig studietur til Catalonia

IMG_1072.JPEG

24. - 27. oktober var eit reisefølge på 25 frå Sognefjorden Næringshage på studietur til Catalonia, med utgangspunkt i hovudstaden Barcelona. 12 flotte representantar for 12 bedrifter utgjorde industrinettverket, som mellom anna fekk besøke Hewlett Packard, Innovasjonsdistriktet 22@ og bryggeriet La Pirata.

Turen vart organisert saman med næringshagen sitt servicenettverk, og nettverka hadde to ulike program. Med industrinettverket reiste desse bedriftene:

Aurlandskoen, Digital Etikett, Ember Logistikk, Evo Spor, Haugen Gardsmat, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, Luster Mekaniske Industri, Lærdal Grønt, NTP Avery Dennison, Printfarm, Ægir og Sognefjorden Næringshage.

Bakteppe for det faglege opplegget på studieturen var målbilete, korleis bedriftene tenker forretningsutvikling, og kva faktorar dei ser som essensielle ift framtidig konkurransekraft.

Den første besøket gjekk til Catalonia Trade and Investment Agency. Her fekk vi ein introduksjon til Barcelona og Catalonia. Regionen er internasjonalt retta, og står for større del av Spanias eksport og verdiskaping enn storleiken tilseier. Fleire norske selskap er representerte i Catalonia, og i Norge finn vi fleire catalanske selskap som driv næring.

IMG_4671.JPG

Vi fekk møte ein entusiastisk Marc Sans, som har tittelen City Promotion Advisor of the Barcelona City Council. Han tok oss gjennom historia om Innovasjonsdistriktet 22@. Utgangspunktet for 22@ er Poblenou-nabolaget i bydelen Sant Martí. Her var indistrien nedlagt, noe området bar tydelig preg av. Dei lokale myndigheitene ville gjere om 200 hekta med utdatert indistri, til eit kompakt urbant distrikt med høy konsentrasjon av internasjonalt retta, kunnskapsintensive utviklingsaktivitetar.

Mr. Jordi Cirera, el Director de la Oficina de la Societat del Coneixement møtte ei motivert gruppe for å fortelje om Barcelona sin Smart City-strategi.

Byen har satsa mykte på å bli ein god tenesteleverandør til både innbyggarar og besøkande, og ser på teknologi som drivaren av utviklinga. Dei jobbar strategisk og forskingsbasert med å utvikle tenestene, og samlar store mengder data for å jobbe smart.

Hjå Hewlett Packard, HP, møtte vi Rien Zetzema. Han er forretningsutviklar i HP og held til vanleg til i Amsterdam. Vi fekk ein flott introduksjon av selskapet som vart stifta av Bill Hewlett og Dave Packard i ein garasje i USA på 30-talet. HP går i desse dagar gjennom ein massiv nedbemanning og restrukturering, ein prosess som er heilt naudsynt for å henge med i utviklinga. Vi hadde og god dialog rundt strategiske mål og forretningsutvikling.

Deretter fekk vi ein god runde i inspirasjonssenteret. Vi fekk sjå mogelegheitene digital print kan gje og korleis ein kan utvikle produkta sine gjennom å ta i bruk teknologien til HP. Mellom anna vart personalisering løfta som særleg viktig for dei yngre kundegruppene. Vi fekk og ei god innføring i HP sin 3D-verden, og kva mogelegheiter dette gjev.

Combalia er eit garveri som ligg vest i Catalonia. Dei er spesialiserte på vegetabilsk farging av skinn, og leverer råstoff til nokre av verdas leiande produsentar av skinnvarer. Råvarene sine henter dei mellom anna frå Nortura.

Av arbeidsformannen fekk vi ein grundig omvisning i dei ulike lokala og prosessane, og dermed god innsikt i prosessen frå kuskinnet kjem inn, til ferdig farga skinn er klart for eksport. Vi fekk og møte Toni Combalia som er eigar og direktør i Combalia. Han fortalde mellom anna om salsorganisasjonen og om deira strategiar for utvikling av produkta sine.

Mario Mateo, ga oss ein grundig innføring i ølbrygging hjå La Pirata. Bryggeriet held til i flotte lokale på et industriområde i Suria, og har vunne fleire prisar for sine produkt, mellom anna de glutenfrie ølet Suria.

Den lille familieeigde cavaprodusenten har historie attende til 1800-talet, og er ein av dei minste av produsentane i Catalonia. Dei noverande eigarane overtok produksjonen på 80-talet, og i dag er det 25-åringen Guifré som styrer bedrifta, medan faren hjelper han

Dei tok godt i mot oss og vi fekk ein synfaring i anlegget som produserer 20.000 flasker med premium cava i året. Vi fekk og ein god prat med dei om forretningsmodellar, strategi, deira nøkkelfaktorar for å lukkast, posisjonering av merkevara i marknaden og marknadstilgang. Besøket vart avslutta med ein munter produkttesting.

Næringshagen sine studieturar vert alltid evaluert, og bedriftene har høve til å gje innspel til næringshagen sine strategiar. Her er nokre viktige element:

  • Det er møteplassen, dei inspirerande menneska som reiser på tur og dei vi møter i bedriftene som gjer turen verdt å være med på.

  • Det vert lang reise og lange dagar. Treng noko meir rom for sosiale aktivitetar internt i nettverket.

  • Kunnskapen vi får på turane kan ikkje nyttast direkte i eigen bedrift, likevel er det viktig med inspirasjon. Påfyll som skil seg frå kvardagen er viktig.

  • Mangfoldet i gruppa er særs verdifullt.

  • Trendar er viktig, viktige innspel denne gongen har vore personifisering og det unike.

  • Det er ikkje viktig med store bedrifter, men at dei er inspirerande og gode i sin bransje.

Innspel til neste år:

  • Når handverk blir mekanisert? Kvar går grensa mellom at det er handverk og industrialiserte produkt?

Reisemål neste år

  • England, Skottland og Tyskland er nemnd som reisemål neste år, alle desse landa har direkteforbindelse frå Bergen og har mange relevante bedrifter

Konklusjon:

  • Det er viktig og verdifullt å dra på tur saman med denne gruppa. Variasjonen i besøka treff godt, og vi får inspirasjon både på makro- og mikronivå. Besøkene hjå HP og @22 var flotte, og gløden og formidlingsevna til Solà Raventós er fantastisk.

Innspel til strategiarbeidet i næringshagen:

  • Sognefjorden Næringshage fungerer godt, men kan gjerne bli enda tydelegare på kva ein kan bidra med i enkeltbedriftene.

  • Det er og stor interesse for å eksternt finansierte prosjekt, og å få oversyn over dei tilgjengelege verkemidla.

  • Tid er ein kritisk faktor for alle målbedriftene, og det å tilføre utviklingskapasitet bør vere viktig fokusområde for næringshagen.

  • Den krafta vi kan skape saman er unik, dette må vi spele vidare på.

Her finn du rapporten frå studieturen

Forrige
Forrige

Rapport frå servicenettverket sin studietur

Neste
Neste

Voksesmerter III