Sognalapskaus - ultralokal ferdigmat frå Sogn
Haugen Gardsmat opplever i desse dagar stor suksess med lanseringa av Sognalapskaus. Produktet er ute i alle COOP Nordvest sine butikkar i Sogn og Fjordane, og er også på veg ut i Møre og Romsdal.
Tilbakemeldingane frå kundane er udelt positive, og produksjonen hjå lokalmat-produsenten i Flåm går no for fullt.
Men visste du at dette produktet verkeleg er ultralokal ferdigmat?
Det var Odd Ohnstad i Haugen Gardsmat i Flåm som hadde idéen til produktet. Dei hadde eit sterkt ønskje om å redusere matsvinnet og utnytte meir av fåre- og svinekjøtet i produksjonen.
Lærdal Grønt hadde same utfordringa. Gulrøter som var skeive og poteter som ikkje hadde forma var uakseptable for butikk-kjedene, og vart til dyrefôr og ikkje til menneskefôr.
Gjennom nettverket Sogn.no - eit prosjekt med Bratt Moro som prosjekteigar - jobbar lokalmat-bedrifter saman med mål om å skape nye produkt og distribusjonsformer. Gjennom dette nettverket fekk dei møteplassane der idèen om samarbeidet fekk vekse.
I Sogn.no og nettverket til Sognefjorden Næringshage fann dei også andre samarbeidspartnarar for å gjennomføre prosjektet:
Designbyrået Gasta i Sogndal har utvikla design på etikett og “mageband” til produktet.
Etiketten med ingredienslista vart trykt hos Digital Etikett i Gaupne - landets fremste ekspert på sjølvklebande etikettar.
Magebandet er det Printfarm som trykkjer. Dei har eit moderne digitaltrykkeri i Årdal, og kan levere raskt til Flåm.
Lapskausen vart grundig smakstesta under Fjellsportfestivalen.
Når produktet skulle lanserast, var det naturleg at Sogndal fotball hadde arenaen for produktsleppet.
Alt dette er gjort muleg gjennom godt, lokalt samarbeid.
Den siste, og ikkje minst viktige, parten i prosjektet er Coop NordVest og Geir Espe. Gjennom deira satsing på lokalmat fekk ein tilgang til ein solid distribusjonskanal.
Ultralokal suksess med bærekraft!
-Vil du vite meir om Sognefjorden Næringshage og nettverk? Kontakt Torgeir Skålid i Sogn Næring