Vellukka vintersamling

IMG_1720.jpg

6-7. februar arrangerte vi i Sognefjorden Næringshage ei flott samling saman med Næringshagane i Nordfjord og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane i Sogndal Skisenter Hodlekve.

Staden var Sogndal Skisenter, Hodlekve og målbedrifta synte seg frå si beste side med strålande ver, topp service og flotte fasilitetar for samlinga.

Bård Eker – Norges kanskje beste industridesignar, sjølverklært «fartsidiot» og innovasjonsentusiast, inspirerte verksemder som Nlink, Digital Etikett, Kaupanger Næringsforening, Nordbohus Sogn, Bratt moro, Rekkje Stiutvikling, Sognefjord Kaffibrenneri, Digital Revisor, Falkeblikk og Sogndal skisenter, med spektakulære og spennande historier frå utviklingsreisa si. Mest spennande var kanskje historiane om superbilen Koenigsegg, båtane fra Hydrolift og om då han og teamet vart verdsmeistrar Offshore, båtsportens formel 1.

Dag 2 fekk utvalde verksemder fekk testa ut ideane sine under ein workshop med Bård Eker, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Sognefjorden Næringshage.

Forrige
Forrige

Vi avgrensar tal på fysiske møter grunna koronaviruset

Neste
Neste

ACTION!