Nye moglegheiter i Sparebanken Vest sitt næringsfond! Søknadsfrist 21. mai

SpV`s næringsfond held koken også i 2024!

 

Økonomisk støtte frå dette fondet gir mulegheiter for både gründerar med idèar i tidleg fase, men også eksisterande bedrifter til å utvikle nye produkt eller tenester som er nyskapande, framtidsretta og som kan vere utgangspunkt for nyetablering og nye arbeidsplassar.

Nye marknader kan opne seg i desse omstillingstider, og bedrifter som kanskje har idèar i skuffa, kan også søke støtte til utvikling i den tidlege fasen.

 

Rammene for fondet opnar diverre ikkje for å støtte kostnader til investeringar i fast eigedom og lausøyre.

 

Fondet har eit eige styre som vurderer innkomne søknader, og dei skal ha møte tysdag 11 juni om kvelden.

 

Gå inn på lenka til søknadsskjema under, og beskriv prosjektet ditt og legg ved budsjett og evt andre dokument som kan vere nyttige for opplysninga om idèen din, og send inn seinast i løpet av tysdag 21 mai.

Mette Bakketun