Tenester

Vår viktigaste oppgåve er å avdekke behov og kople målbedriftene til kompetansemiljø. Næringshagen sponsar halvparten av utgiftene. Slik legg vi til rette for auka verdiskaping, vekst og utvikling her lokalt i Sogn.

Kort sagt: Me tilbyr dei tenestene bedriftene treng, til svært reduserte prisar. 

Ofte inngår bedriftsrådgjeving, kompetanseheving og organisasjonsutvikling i våre tenester hos bedriftene. Hjelp til forretningsidear, bistand til digitale flater, marknadsstrategiar, eksport, prosjektgjennomføring, Lean forretningsmodell, skattefunn søknader, berekraftsstrategiar og andre utviklings- og omstillingsoppgåver jobbar me også mykje med. 

Me sit på mykje kompetanse, og treng bedrifta noko me ikkje kan, hentar me inn dei som kan. Me er ikkje bakarar, automatiseringsingeniørar eller ekspertar på design. Det me er gode på, er å finne den rette kompetansen når det trengst.

Dessutan har me alltid oversikt over søkbare midlar.

Kven kan nytta våre tenester?

Små og mellomstore bedrifter som ønsker vekst, utvikling eller omstilling kan verta målbedrifter. Gjennom ei fleksibel målbedriftsavtale får bedrifta halv pris på ei rekke tenester og kompetanse gjennom næringshagen og tilgang til nettverksaktivitetar, studieturar og kurs. 

Større bedrifter kan verta medlemsbedrifter i næringshagen. Medlemsbedrifter får tilgang til nettverksaktivitetar og kan nytta tenester formidla gjennom næringshagen til rabatterte prisar.

Bedrifter som verken er målbedrifter eller medlemsbedrifter kan nytta næringshagen sine tenester og delta på aktivitetar i regi av næringshagen til ordinære prisar.

Kva kan vi gjere for di bedrift?

Ta kontakt, så finn vi ut av det!

Tlf: +47 928 01 840
E-post: post@sognefjordennh.no