Berekraftig reiselivsutvikling 22.03.23

Sogn Næring og ViteMeir inviterar vi til åpning av deira nye installasjon om berekraftig reiselivsutvikling. Agnes Brudvik Engeset frå Vestlandsforsking kjem for å prate om berekraftig reiselivsutvikling ifrå eit forskingsperspektiv, og vi har fått med oss fleire lokale aktørar for å snakke om korleis dei driv med utvikling i praksis.

Vi får høyre frå:

  • Norway’s Best

  • Fjærland Fjordstove v/dagleg leiar Inna Jordal

  • Amble Gård v/eigar og drivar Mette Marie Heiberg

Etter presentasjonane fortset vi med ein panelsamtale i SmakeMeir, for å saman diskutere korleis reiselivsnæringa kan utvikle seg på ein berekraftig måte. Det vil også vere mogleg å kjøpe mat å drikke under panelsamtalen.

Mette Bakketun