Salskurs på norsk og engelsk 5. juni

I samarbeid med Sellit AS inviterer vi til kurs for bedrifter innan reiseliv, handel, servering og anna næringsliv der ein har fokus på sal. Denne gongen vert kurset på både norsk og engelsk.

Med enkle metodar og humoristisk vinkling, får du historiar og eksempel du garantert kjenner deg igjen i. Desse kan du lære av for å styrke salet, eigenmotivasjon eller rett og bli inspirert!

Stad og tid:

Fretheim Hotel i Flåm, 5. juni 09.00 - 11.00 på engelsk. 12.00 - 14.00 på norsk.
Kurshaldarar:
Terje Bjørkhaug og Øystein Vangsnes frå Sellit

Pris:
Gratis for målbedrifter. Kr 500,- per pers for andre

Mål med kurset:

Hovudmålet er å skape ein god og lønnsam salskultur.

Vi skal ikkje berre tilby det kundane ber om, vi skal og fokusere på å:

- kor er salsflatane til bedrifta

- korleis kan alle (og house keeping) drive meirsal

- enkle metodar på korleis sal/booking kan gjere «upsale»

- korleis restaurantbetjeninga kan selje meir, utan at det blir masing

Påmelding til post@sognefjordennh.no

Torgeir Skålid