Sognefjorden Næringshage og Sogn Næring er med i det nasjonale Næringshageprogrammet!

Det vil bety 25-30 millionar til utvikling av eit berekraftig og framtidsretta næringsliv i Sogn! Noko som me er særs nøgd, audmjuke og glade for.

I januar 2023 startar ein ny tiårig programperiode av Siva sitt Næringshageprogram. Visjonen for programmet er å utvikle eit berekraftig og framtidsretta næringsliv i distrikta gjennom å bidra til auka verdiskaping basert på regionale kvalitetar og tilrettelegging for utvikling av berekraftige og omstillingsdyktige bedrifter. Næringshageprogrammet skal og bidra til å skape levande lokalsamfunn, tilgang til kompetanse og vekst i heile Distrikts-Norge.

I tillegg til oss er det ti innovasjonsselskap frå Vestland, og ytterlegare 63 innovasjonsselskap over heile landet. Gjennom programma bidreg Næringshageprogrammet med nettverk, partnarar og kompetanse til norske bedrifter. – Regjeringa vil forsterke innsatsen for vekst og utvikling i norsk industri og anna næringsliv, blant anna gjennom sterke innovasjonsselskap i alle fylker. Sivas næringshage- og inkubasjonsprogram er sentrale verkemidlar for å leggje til rette for vekst, omstilling og eksport for tusenvis av bedrifter i hele Norge, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Mette Bakketun