Nye moglegheiter i Sparebanken Vest sitt næringsfond! Søknadsfrist 25. november
Har du ein god idé som kan verte ei ny teneste eller eit nytt produkt innanfor grøn omstilling og berekraftig utvikling - men manglar pengar?
Næringsstiftinga i Sogn og Fjordane ynskjer gode idéar
Sparebanken Vest si allmennyttige verksemd har sett av midlar til ei næringsstifting i Sogn og Fjordane. Midlane frå stiftinga skal i fyrste rekke gå til gode næringsidéar i ei tidlig prosjektfase, og som nemnt over er midlane øyremerka grøn omstilling og berekraft.
Etter ein korona-pause er næringsfondet no klart for ein ny runde med søknadar. Dette vert den første utlysinga retta mot grøn omstilling og berekraft.
Søknadsfristen er 25. november.
Har du spørsmål?
Kunnskapsparken Vestland er sekretariat for fondet, og evt spørsmål kan rettast til:
Jøril Hovland, tlf 48219780