Er samarbeid nøkkelen til suksess? Spanande næringskonferanse i Flåm 20. oktober

Kjende næringsprofilar kjem til Flåm 20. oktober for å dele sine historier om korleis samarbeid og samhandling har vore avgjerande for framgang. I tillegg til eit variert program, blir det tid til eit utval aktiviteter for sosialisering og nettverksbygging. Me har og kontorplassar med fjell- og fjordutsikt fleire stader i bygda dersom du vil bli lenger og delta på Nynorske Litteraturdagar, som starter fredag 21. oktober.

PROGRAM TORSDAG 20. OKTOBER

07.00 MorgonYoga*

08.00 Morgonvandring til Brekkefossen*

09.00 Frukost*

10.00 Velkomen og intro til dagen

10.15 Vi må bli verdsmeistrar i samarbeid med Tor Andre Ljosland frå Vestland Fylkeskommune

10.35 Slik kommuniserer vi berekraftsarbeidet vårt med kommunikasjonsbyrået Awake

11.05 Vi samlar Sogn til eit mat- og drikkerike med Kari Sigrun Lysne, nestleiar i Sogn Frukt og Grønt og Sognasmak

11.20 Utviklinga av PopUp Norge med Jannet Aksnes

11.45 Minglelunsj med lokale råvarer

12.45 Korleis ein som lag utviklar enkeltspelarar Tore André Flo, hovudtrenar Sogndal Fotball

13.15 Restart av reiselivet - samarbeid er nøkkelen med Vestlandsforsking, Høgskulen, Sogn Næring, Visit Sognefjord & bedrifter

13.35 Frå Gaupne til premier league med NTP v/Tom Dyrdal

13.50 Finansmarknadens påverknad på kvardagen vår med Stig Erik Brekke frå Eika

14.15 Heile Sogn. Heilt ekte. med Heidi Hauge, Visit Sognefjord

14.45 Årets produkt, Årets bedrift og Årets gründer Sogn Avis deler ut prisar til næringslivet i Sogn

15.15 Avslutnings konferanse og videre sosialt program


Når sjølve konferansedelen er ferdig tar me buss til Gudvangen, der me går om bord på heilelektriske Future of The Fjords. På fjordvegen tilbake til Flåm får me underhaldning av Finn Tokvam og god tid til å prate. Vel tilbake i Flåm og Fretheim Hotel ventar middag i restaurant Arven.

Prisar:

Dagmøtepakke torsdag 20.okt: Kr. 1.190,- per person
Dagmøtepakke inkl. kulturelt fjordcruise & middag torsdag 20.okt: Kr. 2.090,- per person

Overnattingspakke 1 natt 19. - 20. okt: kr. 3.090 per person i enkeltrom / kr. 2.690,- per person i dobbeltrom. Inkluderer middag, frukost og dagmøtepakke.

Overnattingspakke 2 netter 19. - 21. okt: Kr. 4.990,- per person i enkeltrom / kr. 4.190,- per person i dobbeltrom. Inkluderer middag og frukost begge dagar, dagmøtepakke og kulturelt fjordcruise.

Målbedriftene til Sognefjorden Næringshage får 50% avslag på dagmøtepakka og dagmøtepakka inkl fjordcruise og middag 20. oktober.

Forrige
Forrige

Nye moglegheiter i Sparebanken Vest sitt næringsfond! Søknadsfrist 25. november

Neste
Neste

Utviklingskonferansen 2022 - Verdsarven viser seg