Siste rest av kompensasjonsordning i Aurland. Søknadsfrist 1. oktober
I samband med utdeling av kommunale kompensasjonsmidlar med søknadsfrist 20. august står Aurland kommune no att med kr. 717 000,- som vert utlyst på nytt, med søknadsfrist 1. oktober 2021.
Desse kan søkje om midlar til kompensasjon:
Verksemder som har adresse i Aurland kommune, og aktivitet lagt til kommunen.
Verksemder som av ulike grunnar fell utføre andre kompensasjonsordningar, som til dømes har starta opp verksemda si i løpet av 2019 eller fell utføre andre ordningar grunna næringskode.
Verksemder som har fått auke i kostnader grunna smitteverntiltak. Om verksemda har fått midlar frå statlege ordningar så kan dei framleis søkje om midlar til smitteverntiltak.
Tiltak som kan vera med å styrka Aurland sin posisjon i reiselivmarknaden nasjonalt og internasjonalt, i form av generell marknadsføring, messedeltaking, relasjonsbygging og liknande. Tiltaka kan gjelde den einskilde reiselivsverksemda, eller Aurland som destinasjon.
Verksemder som kan dokumentera tap av omsetjing/inntekt som fylgje av Covid-19 og den påfølgande økonomiske nedgangen.