Gratis fagbrev og etterutdanning

Permitterte eller arbeidsledige grunna Corona-krisa får no tilbod om gratis yrkesfagleg utdanning, som kan føre til eit fagbrev. I tillegg er Adobe Photoshop, innhaldsmarknadsføring, Officepakken og skytenester og kontrakt- og avtaleskriving er berre noko av det du kan få gratis opplæring innan om du er tilsett i reiselivet, frisør- eller handelsnæringa.

Ta fagbrev som voksenstudent

Regjeringa sine tiltakspakker har finansierer nettbaserte utdanningstilbud retta mot arbeidsledige og permitterte. Kravet er at utdanninga vert gjennomført virtuelt. Du finn meir informasjon om tilbodet frå Folkeuniversitetet her.

Etterutdanningskurs

I samarbeid med Kompetanse Norge, tilbyr Folkeuniversitetet kurs i mellom anna Adobe Photoshop, innhaldsmarknadsføring, Officepakken og skytenester og kontrakt- og avtaleskriving for reiselivsnæringa, frisørar og detaljhandelen.

Kompetansehevinga kan gjennomførast utan at permitterte og arbeidsledige missar den økonomisk støtta frå Nav, men kursdeltakarar må ha tilknyting til desse bransjane

Du finn meir informasjon og påmelding til kursa her.

Torgeir Skålid