Gå ikke glipp av denne studieturen!

Denne turen vert ein inspirasjonstur for alle innan reiseliv, service og mat/drikke produksjon!

Britannia Hotel er eit av dei beste hotella i Noreg på service, mat og samarbeid med lokale- mat og drikke produsentar. Her er det mykje inspirasjon å hente. Me skal bu her frå 27.-29.10, der me mellom anna får historieforteljing av direktøren sjølv, og testing av maten i Speilsalen.

Eit anna godt døme på samarbeid er restauranten Credo. Dei tek i mot oss og me håpar å få matfantast og sjef Heidi Bjerkan til å fortelje om hennar reise i matverda. Dei samarbeider tett med mellom anna Skjølberg Søndre som me og skal besøke.

Oi! Trøndersk mat og drikke kjem for å fortelje kva dei jobbar med, og korleis dei får meirverdi lokalt av å samarbeide på tvers av produsentar og matfag. I løpet av studieturen skal me på besøk hjå fleire av deira bedrifter for å lære, smake og nyte kva som finst av godsaker i Trondheimsregionen.

Me skal avslutte turen på Stokkøya for å lære meir om Bygda 2.0, og kva dei har gjort der for å skape spanande reiselivsprodukt. Me skal mellom anna besøke Strandbaren og produsentar frå matmerkevaren «Smaker fra Øyrike». Det vert og tid til hyggelege samlingar og dei gode samtalene!

Me reiser med fly frå Flesland kl 09.00 den 27.10., og heim kl 14.50 den 30.10.21.

 For inspirasjon, sjå her:

Trondheim hylles for denne filmen om kortreist mat — THE TRAVEL INSPECTOR

Kontakt oss for påmelding: post@sognefjordennh.no

Mette Bakketun