Nå tilbyr vi næringshageprogram i Sunnfjord

Utsikten, Nasjonal turistveg Gaularfjellet. © Trine Kanter Zerwekh / Statens vegvesen.

Utsikten, Nasjonal turistveg Gaularfjellet. © Trine Kanter Zerwekh / Statens vegvesen.

Vi ønskjer å hjelpe reiselivsbedrifter som vil ha utvikling og vekst.

Siva sitt næringshageprogram skal «skape levedyktige og framtidsretta næringsliv i distrikta». Dei bidrege med tilskot, kompetanse, verktøy og eit nasjonalt nettverk til 40 næringshagar over heile landet. Sognefjorden Næringshage er eit slik verktøy, med 26 målbedrifter. Ved hjelp av to ulike nettverk, reiselivsbedrifter og servicebedrifter, jobbar vi saman for vekst og utvikling gjennom møter, studieturar og kompetanseheving.

Nå vil vi ha med reiselivsbedrifter i Sunnfjord.

God timing for reiselivet

I Sunnfjord, Askvoll og Fjaler jobbar kommunane godt med næringsutvikling gjennom utviklingsselskap og kommunale næringssjefar. Næringshagesatsinga skal forsterke denne jobben, og vil soleis skje i tett dialog med den kommunale tenesta. Gjennom dei vil Sognefjorden Næringshage i første omgang tilby verktøy, tenester og nettverk for bedriftene innan reiseliv.

– Initiativet vart set i gang før koronapandemien, men ballen har lege død i ein lengre periode. Nå er det god timing for å få i gang dette igjen og få med verksemder som vil ha utvikling og vekts, fortel Mette Bakketun, dagleg leiar i Sognefjorden Næringshage.

Satsinga i Sunnfjord er et samarbeid mellom oss, Næringshagane i Nordfjord og Kunnskapsparken.

Prosjektgruppa: Frå venstre: Arild Hjelmeland, Inviro, Kjetil Kvåle  Kunnskapsparken Vestland, Knut Henning Hjelbak, Stryn Næringshage,  Torgeir Skålid, Sognefjorden Næringshage, Roger Ulvestad,  Kunnskapsparken Vestland.

Gasta Design