Norway’s best AS

Flåmsbana.jpeg

Flåm og områda rundt har utsikt mot fjell og fjord og er ein stad der ein kan sjå, smake, lytte og ta inn over seg storslått natur. Flåmsbana og Fretheim Hotell ligg ved UNESCOs verdsarvområde Nærøyfjorden. Denne fjorden har vore kåra til verdas vakraste reisemål fleire gonger på rad!

Her har ein uendelege moglegheiter til aktivitetar heile året. Til dømes: Sykla og vandra på Rallarvegen, vandring i Aurlandsdalen, båtaktivitetar på Sognefjorden, ski og sykkelkjøring i Myrkdalen. Flåmsbanemuseet og Aurland Skofabrikk er og ope året rundt.