Opplev Undredal

Undredal.jpg

Opplev Undredal (Visit Undredal) viser veg til kafé, geitost-senter, utleigeleiligheiter, campingmoglegheiter, arrangement og aktivitetar i og rundt Undredal i Aurlandsfjorden.

Opplev Undredal AS er ei familiebedrift starta i 1999 som ei avdeling av Underdalsbui, Nærbutikken Underdal. Underdalsbui vart starta i 1919 og 3. generasjon av familien dreiv den fram til 2019 då drifta vart overdregen til andre som fører drifta vidare.

Frå starten i 1999 var Opplev Undredal eit visningsenter for den lokale geitost- og stølstradisjonen. I 2005 vart verksemda utvida med eit serveringstilbod og drifta vart etablert som eige føretak AS.