Blix Hotell

119704032_3340897509311321_7069205378957654548_o.jpg

Blix Hotell ligg midt i hjarta av Vik sentrum, eit steinkast frå Sognefjorden og omkransa av fantastiske kultur- og naturopplevingar.

Her kan du blande aktive fjord- og fjellopplevingar som du vil, utforske kulturhistoriske perler og lokalprodusert mat. Hotellet er eit ynda møtepunkt for dei lokale og for tilreisande som vil oppleve eit ekte og produktivt bygdenorge!

I 1659 fekk gjestgivarstaden på Vikøyri skjenkebevilling, og hotellet i Vik kan rekna si historie frå dette året. Den gamle gjestgivarstaden brann ned 16. juni 1838. Jens Roald Valentinsen bygde nytt og selde til svogeren sin Ole Andreas Hopstock i 1847 og fekk etter dette vart namnet Hopstock. Hotellet vart drifta som Hopstock hotell fram til mai 2010 då hovudbygningen brann ned.

I 2014 tok Røyrvik Eigedom AS og Jorunn Åsfrid Røyrvik over eigedommen med ambisjon om å byggje opp igjen den tradisjonsrike hotelldrifta, men no under namnet Blix hotell. Dørene vart opna den 12.12.2015 etter ei totalrenovering av hovedbygget. Hotellet er no ope heile året.