Arbeidsverkstad om landskap og arkitektur i Aurland Kommune 21. september

I samband med arbeidet med ny arealdel til kommuneplanen inviterer Aurland kommune til arbeidsverkstad om landskap og arkitektur.

 

Verkstaden blir arrangert torsdag 21.september kl.11.30 til 15.30 i kommunestyresalen på Aurland Rådhus.

 

I verkstaden ønskjer me mellom anna å diskutere desse spørsmåla ilag:

- Kva natur- og kulturverdiar vil me ta vare på i kommunen vår?

- Korleis kan me legge til rette for ei utbygging tilpassa landskapet og det eksisterande bygningsmiljøet vårt?

- Kva krav og forventningar kan me stille til kvarandre?

 

Målet med verkstaden er å kome fram til overordna føringar for vidare utbygging i kommunen knytt til landskapstilpassing og arkitektur.

 

Program:

Kl.11.30 – 12.00: Lunsj

Kl.12.00 – 13.00: Introduksjon og presentasjon frå Aurland kommune, Vestland fylkeskommune, Riksantikvaren og Morten Clemetsen - Professor landskapsarkitektur Kl.13.00 – 15.00: Arbeid i grupper

Kl.15.00 – 15.30: Oppsummering i plenum

 

Påmelding innan 15. september til goran.johansen@aurland.kommune.no

Mette Bakketun