Bli betre på sosiale medium kurs på Jølster torsdag 3. mars

Sognefjorden Næringshage tilbyr saman med Sunnfjord Utvikling, kurs i sosiale medium.

Tid og stad: Thon Hotel Jølster (Skei) torsdag 3. mars frå kl 13-15.30

Det faglege innhaldet vert levert av Gasta design og kommunikasjon.

Kven er kurset for?

Deg som ønskjer å bli meir trygg på sosiale medium, i hovudsak Facebook og Instagram. Bedrifta di er gjerne til stades i ulike kanalar, men treng hjelp til å posisjonere seg og utnytte potensialet betre.

Kva kan du forvente?

2,5 timar med føredrag og open diskusjon. Vi ønskjer å hjelpe deg på best mogleg måte, så ta gjerne med spørsmål til kurset, så ser vi på det i fellesskap.

Kva kjem du til å lære?

  • Kva er poenget med sosiale medium for bedrifter?

  • Kva kanaler er aktuelle og kor finn du dine målgrupper?

  • Korleis nyttar du sosiale medium på ein smartare måte?

  • Korleis kommuniserer du betre? Litt om innhald og historieforteljing

  • Korleis skapa engasjement og bygge relasjonar?

  • Litt om annonsering og analyse

  • Praktiske tips

Arrangørane tek størstedelen av kostnad til kurset. Deltakar betalar berre 500,- kr. Frist for påmelding er 25. februar med påmelding her:

Torgeir Skålid