Hugs Verkemiddeldag i Sunnfjord

Campus Verftet Førde - 10. mars 2022, 11.30 - 15.00

Har du planar om å utvikle eit nytt eller forbetra produkt, teneste eller produksjonsprosess? Manglar du kunnskap eller treng å utvikle kunnskap for å kunne gå vidare med ditt prosjekt? Her vil det vera mogleg å hente både rådgjeving, kompetanse og informasjon om finansieringsmoglegheiter hjå verkemiddelapparatet. Ved deltaking vil dykk blant anna kunne hente:  

·      1:1 rådgjeving med kompetansemeklar, Forskningsrådet eller EU-rådgjevar

·      Informasjon om aktuelle utlysingar, regionale, nasjonale og internasjonale

·      Nettverk

Allereie i første møte vil ein sørgje for å kople dykkar prosjekt på rett ordning / kunnskapsmiljø. Delta for å høyre om ulike moglegheiter, få tips til korleis kome i gong og høyr frå andre verksemder i regionen som har lukkast med bruk av FoU i utviklinga av deira verksemd.

Vekst i Lag v. Sognefjorden Næringshage, Kunnskapsparken Vestland, Inviro og Stryn Næringshage arrangera Verkemiddeldagen i samarbeid med Sunnfjord Utvikling, Aksello, Innovasjon Norge, Norges Forskningsråd og Vestland fylkeskommune v. FORREGION Vestland

PROGRAM

11.30    Mingling og lunsj
12.00    Introduksjon til Sunnfjord Utvikling, Aksello og Vekst i Lag
12.15    FORREGION Vestland v. kompetansemeklar Marie Stenbakk Knutsen / Frida Olsen Engedahl / Øyvind Heimset Larsen
12.30    Forskningsrådet v. Merete Lunde
12.50    Kort pause
13.00    Horisont Europa v. EU-rådgjevar Ida Tidemann-Andersen (Vestlandsforsking)
13.15    Innovasjon Norge v. Jørgen Ulrik Berg
13.30    Innlegg frå verksemder m. FoU-erfaring i Sunnfjord
13.50    Kaffipause
14.00    1-1 møter med kompetansemeklar, Forskningsrådet og Innovasjon Norge
15.00    Takk for oppmøte og kontaktpunkt vidare



Ta gjerne kontakt ved spørsmål eller innspel til arrangementet!

Rebekka Fretheim v. Sognefjorden Næringshage
rebekka@sognefjordennh.no, 952 90 516

Sigrid Førde
sigrid@kpvest.no, 400 12 567

Mette Bakketun