Salskurs på engelsk 31.mai!

I samarbeid med Sellit AS inviterer vi til kurs for bedrifter innan reiseliv, handel, servering, tenesteyting og og anna næringsliv der ein har fokus på sal. Denne gongen vert kurset på engelsk.

Med enkle metodar og humoristisk vinkling, får du historiar og eksempel du garantert kjenner deg igjen i. Desse kan du lære av for å styrke salet, eigenmotivasjon eller rett og bli inspirert!

Kurset er basert på erfaringar Sellit har plukka opp dei siste 15 åra frå nokre av Skandinavias aller beste selgarar i reiseliv, handel og tenesteyting og korleis dei tenker sal og jobbar med å motivere seg sjølv og omgjevnadane.

Kurset høver for alle i organisasjonen som har kundekontakt.

Stad og tid:

Fretheim Hotel i Flåm, 31. mai frå kl 8.30-11.30
Leiarar blir invitert til eit tilleggskurs på 1 time: «Slik skaper du en lønnsom salgskultur..!» i fortsetjinga av kurset.

Kurshaldarar:
Terje Bjørkhaug og Øystein Vangsnes frå Sellit

Pris:
500,- kr

Mål med kurset:

Hovudmålet er å skape ein god og lønnsam salskultur.

Vi skal ikkje berre tilby det kundane ber om, vi skal og fokusere på å:

  • skape motivasjon for leiarar og tilsette

  • auke omsetnad per kunde

  • skape meirsal og kryss-sal

  • tydeleggjere dei tilsette si rolle som proaktive medarbeidarar

Påmelding her

Torgeir Skålid