Tilskot til berekraftig verdiskaping. Frist 10. mai.
Vestland Fylkeskommune lyser ut inntil 20 millionar kroner til tilretteleggjande tiltak for berekraftig verdiskaping i fylket, med prioriterte satsingar innan grøn næringsutvikling og kompetanseutvikling i arbeidslivet.
Midlane skal til bidra til at Vestland blir det leiande verdiskapingsfylket basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon.
Prioriterte satsingsområde i 2022
Prosjekta skal bidra til å realisere mål og strategiar i Handlingsprogram 2022-2025 for Berekraftig verdiskaping - regional plan for innovasjon og næringsutvikling.